onsdag 10. februar 2010



Eit kontor byrjar å ta form!
Hyller og pultar montert, kaffibord på plass og potteplante i vindaugskarmen, så no kan me byrja å konsentrera oss om arkitektur att.
Vel, nesten i alle fall. Har eit og anna uoppgjort med økonomimappa vår, så den skal til pers i dag. I morgon vert det møte med vår nye rekneskapsførar.
Trengs ein liten pause er det berre å snu hovudet og la blikket kvila på Helleneset og Askøen. Ei utsikt mistenkeleg lik den frå BAS forresten. Litt usikker på om det er bra eller dårleg.. hehe. Det må vel vera bra!

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden